Terapeutar

Bestill time:

565 11 500

Ingvild

Ingvild Eikeland

Naprapat

565 11 500 #1

Ingvild@vossaklinikken.no

Ingvild kjem frå Eikelandsosen. Ho var ferdig utdanna ved Naprapathøgskolan i Stockholm i 1999. Dei fyrste åra jobba ho i Bergen og Eikelandsosen. Ho var med å bygge opp tre Ryggklinikken-avdelingar i Bergen. Ingvild dreiv aktivt med skiskyting i ungdommen, og fekk jobb med landslaget i skiskyting(damer og herrer) i 1999. Ho jobba med dei ut sesongen 2003, og høydepunktet var å få vera med i støtteapparatet til Norge til OL i Salt Lake City i 2002. Ho jobba også parallelt med landslaget i freestyle(damer og herrer) frå 2000 til 2007-sesongen. Ingvild har teke idrettsmedisink utdanning trinn 1 og 2. Ho har også kursa seg i medisinsk akupunktur, dryneedeling og kinesiotape. Ingvild har jobba som Naprapat på Voss sidan 2006. Ho starta Aktiv terapi i lag med Gunn Marit Bergstrøm i 2007, og starta i desember 2016 Vossaklinikken i lag med fysioterapeutene Nick S. Gregersen og Karianne M. Seim. Hoe er i dag innehavar av Vossaklinikken.

Samuel

Samuel Christensson

Naprapat, Personlig trener

565 11 500 #2

samuel@vossaklinikken.no

Samuel er oppvaksen utanfor Åre i Sverige. Han har vore profesjonell snowboardutøvar i 8 år og har reist rundt i verda med sporten. På sommaren er det surfing som gjeld. Han var uteksaminert frå Naprapathögskolan i Stockholm i 2016. Der fekk han utmerking for beste resultat på avsluttande eksamen og pris for beste eksamensarbeid. I tillegg til tradisjonell Naprapatbehandling kan han tilby nålebehandling (IMS), treningsveiledning og såletilpassing. Samuel har tidligare arbeida som kokk fleire stader i Norge og har difor god kunnskap i norsk.

Samuel

Ingjerd Opheim 

Fysioterapeut

565 11 500 #3

ingjerd@vossaklinikken.no

Ingjerd er autorisert fysioterapeut og er utdanna ved Høgskulen i Bergen, uteksaminert i 2013. Ho har tidlegare arbeidd ved nevrologisk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus og i Bergen kommune. Ingjerd er medlem av Norsk Fysioterapeutforbund og fagpolitisk engasjert ved at ho er styremedlem i Faggruppen for Nevrologi, Ortopedi og Revmatologi. Ho har erfaring med behandling av nevrologiske lidingar, smerteproblematikk, muskel-og skjelettplager og rehabilitering etter operasjonar. Ho har godkjent kurs i intramuskulær triggerpunktbehandling med nåler (IMS). Ingjerd er opptatt av ein aktiv og heilskapleg tilnærming med spesielt fokus på trening og øvelsar, men nyttar også manuelle teknikkar på benk.​

Ingvild

Julia Herault

Fotsoneterapeut

565 11 500 #5

Julia@vossaklinikken.no

Fotsoneterapi passar for alle og kan brukast både forebyggande og som behandling for ulike plager/lidelsar.

Ingvild

Marit Ystanes

Coach

565 11 500 #4

Marit@vossaklinikken.no

Det du fokuserer på, blir det meir av! Hjelper deg til å tenke større og våge meir, - til å vera DEG på ekte!

Meir info på facebook sida:

© Copyright 2017 Vossaklinikken AS | All Rights Reserved  | Webdesign: Vossaklinikken