Terapeutar
Ingvild

Ingvild Eikeland

Naprapat

56 51 15 00 #1

ingvild@vossaklinikken.no

Ingvild kjem frå Eikelandsosen. Ho var ferdig utdanna ved Naprapathøgskolan i Stockholm i 1999. Dei fyrste åra jobba ho i Bergen og Eikelandsosen. Ho var med å bygge opp tre Ryggklinikken-avdelingar i Bergen. Ingvild dreiv aktivt med skiskyting i ungdommen, og fekk jobb på det medisinske teamet til landslaget i skiskyting(damer og herrer) i 1999. Ho jobba med dei ut sesongen 2003, og høydepunktet var å få vera med i støtteapparatet til Norge til OL i Salt Lake City i 2002.

Ho jobba også parallelt med landslaget i freestyle(damer og herrer) frå 2000 til 2007-sesongen. Ingvild har teke idrettsmedisink utdanning trinn 1 og 2. Ho har også kursa seg i medisinsk akupunktur, dryneedeling og kinesiotape. Ingvild har jobba som naprapat på Voss sidan 2006. Ho starta Aktiv terapi i lag med Gunn Marit Bergstrøm i 2007, og starta i desember 2016 Vossaklinikken i lag med fysioterapeutene Nick S. Gregersen og Karianne M. Seim.

Ho er i dag innehavar av Vossaklinikken.

Samuel

Ingjerd Opheim 

Fysioterapeut

56 51 15 00 #2

ingjerd@vossaklinikken.no

Ingjerd er autorisert fysioterapeut og er utdanna ved Høgskulen i Bergen, uteksaminert i 2013. Ho har tidlegare arbeidd ved nevrologisk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus og i Bergen kommune. Våren 2021 fullførde ho ei mastergrad i fysioterapi, med fordjupning i skadar og sjukdommar knytt til muskelskjelettsystemet. I masterforløpet tok ho også fordjupningsfag i smerte. Ingjerd er medlem av Norsk Fysioterapeutforbund og fagpolitisk engasjert ved at ho i 6 år var styremedlem i Faggruppen for Nevrologi, Ortopedi og Revmatologi. Ho har erfaring med behandling av nevrologiske lidingar, smerteproblematikk, plager knytta til stress, muskel-og skjelettplager, kvinnehelse og rehabilitering etter operasjonar. Ingjerd arbeider også med rehabilitering som fysioterapeut i Voss kommune. Ho har godkjent kurs i intramuskulær triggerpunktbehandling med nåler (IMS). Ingjerd er opptatt av ein aktiv og heilskapleg tilnærming med spesielt fokus på trening og øvelsar, men nyttar også manuelle teknikkar på benk. 

 

Samuel

Karianne Meling Seim 

Fysioterapeut

56 51 15 00 #3

karianne@vossaklinikken.no

Karianne er autorisert fysioterapeut og er utdanna ved Via University College Holstebro i Danmark, uteksaminert i 2011. Karianne har variert arbeidserfaring frå både kommunal – og privat praksis. Ho har erfaring med behandling knytt til nevrologiske lidingar, muskel- skjelett plager, smerteproblematikkar, idrettsskadar, graviditetsrelaterte bekkensmerter, samt rehabilitering etter operasjonar.

Sidan 2017 har Karianne hatt driftsavtale i Ullensvang og vil halde fram med å arbeide der, i tillegg til å vera på Vossaklinikken.                                                                                 

Som terapeut er Karianne fagleg engasjert, opptatt av å sjå heile mennesket og ha ei aktiv tilnærming til pasienten sitt behandlingsforløp. Ho har ulike kurs innan muskuloskeletal fysioterapi, kinesiotape og godkjent kurs i intramuskulær triggerpunktbehandling med nåler(IMS).                                                 

Karianne var med på å starte opp Vossaklinikken i 2016.