Ingvild Eikeland
Naprapat
56 51 15 00 #1
ingvild@vossaklinikken.no
Ingvild er autorisert naprapat. Ho var ferdig utdanna ved Naprapathøgskolan i Stockholm i 1999. Dei fyrste åra jobba ho i Bergen og Eikelandsosen. Ho var med å bygge opp tre Ryggklinikken-avdelingar i Bergen. Ingvild dreiv aktivt med skiskyting i ungdommen, og fekk jobb på det medisinske teamet til landslaget i skiskyting(damer og herrer) i 1999. Ho jobba med dei ut sesongen 2003, og høydepunktet var å få vera med i støtteapparatet til Norge til OL i Salt Lake City i 2002.
Ho jobba også parallelt med landslaget i freestyle(damer og herrer) frå 2000 til 2007-sesongen. Ingvild har teke idrettsmedisink utdanning trinn 1 og 2. Ho har også kursa seg i medisinsk akupunktur, dryneedeling og kinesiotape. Ingvild har jobba som naprapat på Voss sidan 2006. Ho starta Aktiv terapi i lag med Gunn Marit Bergstrøm i 2007, og starta i desember 2016 Vossaklinikken i lag med fysioterapeutene Nick S. Gregersen og Karianne M. Seim.
Ho er i dag innehavar av Vossaklinikken.
Ingjerd Opheim
Fysioterapeut
56 51 15 00 #2
ingjerd@vossaklinikken.no
Ingjerd er autorisert fysioterapeut og er utdanna ved Høgskulen i Bergen, uteksaminert i 2013. Ho har tidlegare arbeidd ved nevrologisk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus og i Bergen kommune. Våren 2021 fullførde ho ei mastergrad i fysioterapi, med fordjupning i skadar og sjukdommar knytt til muskelskjelettsystemet. I masterforløpet tok ho også fordjupningsfag i smerte. Ingjerd er medlem av Norsk Fysioterapeutforbund og fagpolitisk engasjert ved at ho i 6 år var styremedlem i Faggruppen for Nevrologi, Ortopedi og Revmatologi. Ho har erfaring med behandling av nevrologiske lidingar, smerteproblematikk, plager knytta til stress, muskel-og skjelettplager, kvinnehelse og rehabilitering etter operasjonar. Ingjerd arbeider også med rehabilitering som fysioterapeut i Voss kommune. Ho har godkjent kurs i intramuskulær triggerpunktbehandling med nåler (IMS). Ingjerd er opptatt av ein aktiv og heilskapleg tilnærming med spesielt fokus på trening og øvelsar, men nyttar også manuelle teknikkar på benk.
Sindre Haddeland
Fysioterapeut
56 51 15 00 #3
sindre@vossaklinikken.no
Sindre er autorisert fysioterapeut og medlem av Norsk Fysioterapeutforbund. Han gjennomførte utdanninga si i Manchester i 2017, og har sidan då fått allsidig arbeidserfaring både i England og Norge. Dei siste åra har han jobba på nevrologisk avdeling i Molde og i Ullensvang kommune. Sindre er spesielt interessert i å hjelpe personer med sammensatte problemstillinger og starta hausten 2022 på masterutdanning med spesialisering innanfor psykomotorisk fysioterapi ved Høgskulen i Bergen. I tillegg har han brei erfaring innenfor behandling av muskel- og skjelettplager, stress relaterte plager, nevrologiske lidningar, idrettsskader og opptrening etter operasjon. Sindre er opptatt av å yta kunnskapsbasert fysioterapi og deltar regelmessig på kurs. Han har blant anna godkjente kurs i intramuskulær triggerpunktbehandling med nåler (IMS), sports massasje og idrettsmedisin trinn 1. Sindre nyttar forskjellige behandlingsteknikkar på benk, samtidig som han hjelper deg med å finne eigne verktøy til å håndtere problematikken din.
Me tilbyr fysioterapi og naprapati sentralt på Voss. På klinikken behandlar våre erfarne terapeuter muskel- og skjelettplager, og me tilbyr opptrening etter operasjon og idrettsskader.