Fysioterapi er eit praktisk og tradisjonsrikt fag som er i stadig utvikling og som set krav til akademisk kompetanse, kritisk tenking og nyskaping. «Fysioterapeut» er ein beskytta tittel som krever autorisasjon frå Helsedirektoratet. Fysioterapeutar har inngåande kunnskap om muskel- og skjelettsystemets oppbygging og funksjon. Kunnskap om korleis fysiske, psykiske og sosiale faktorar spelar inn på pasienten sitt helseproblem, er eit viktig grunnlag i behandlinga. Ein fysioterapeut arbeider med å førebyggje og behandle skadar og sjukdommar som gjer smerter/og eller nedsatt funksjon i muskel- og skjelettsystemet.
Undersøking:
Behandling hjå fysioterapeut på Vossaklinikken vil alltid starte med ei grundig undersøking og funksjonsvurdering. Dette innebærer kartlegging av sjukehistorie, bevegelsesanalyse, spesifikke testar/undersøkingar og vurdering av dette i samanheng med pasienten sin livssituasjon (arbeid, aktivitetsnivå etc.). Ut i frå dette blir det danna konkrete mål og delmål for behandlinga.
Behandling, forebygging og rehabilitering:
Behandling er basert på funn frå undersøkinga og kva pasienten sjølv ynskjer hjelp til. Me nyttar ulike tilnærmingar og behandlinga er tilpassa pasientens behov. Målet er at pasienten kan utvikle, gjenvinne eller halde ved like funksjonsevna, utnytte eigne ressursar og bidra aktivt i å betre eiga helse.
Behandling kan for eksempel bestå av bløtvevsbehandling, individuelt tilpassa trenings- og/eller rehabiliteringsopplegg, rettleiing m.m.
Me legg også vekt på forebyggande tiltak og har ei aktiv tilnærming til rehabilitering. Dette innebærer bl.a. tips mot nakke- og ryggsmerte, tilrettelegging og justering i aktivitet m.m. Våre fysioterapeutar nyttar også spesialverktøy som nåler og ulike tapeteknikkar ved behov.